Planområdet er lokalisert i Fosshagen og føremålet med planen er å leggja til rette for utbygging av barnehage med tilhøyrande funksjonar. 
Tilkomstveg til planområdet skal løysast frå Dalavegen.

Planen vart først vedteke i kommunestyret den 14.12.2017, sak 53/17. Vedtaket vart oppheva av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane fordi Riksantikvaren ikkje hadde gjeve løyve til inngrep i kulturminne. Løyve er no gjeve og planen kunne vedtakast på nytt.

Planvedtak for reguleringsplan kan klagast på i samsvar med § 1-9 i plan- og bygningslova, jamfør kapittel VI i forvaltningslova. Eventuell klage må fremjast skriftleg innan 3 veker og sendast via skjema, pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller postboks 153, 6851 Sogndal.

Dokument: