Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for oppføring av eit nytt næringsbygg tilknytt COOP-verksemda, på gnr/bnr. 105/387 ved Kaupanger Storsenter.

Butikklokalet skal ligge i grunnetasjen medan det vert lagt til rette for to etasjar med leilegheiter over dette. Samla byggehøgd er tilnærma 11-12 meter.
Vidare vil planframlegget inkludere opparbeiding av parkeringsplass for bustadane med tilhøyrande tilkomstveg tilknytt kommunal veg på vestsida av eigedommen.
Det er trong for ny detaljreguleringsplan fordi gjeldande reguleringsplan ikkje opnar for bustadføremål. Plan og oppmåling Valdres (POV) ved Erling Aasen leiar
planprosessen på vegne av tiltakshavar Kaupanger Eiendom AS v/Anders Sørflaten.

Forvaltningsutvalet handsama saka i møte 29.10.2015 sak 66/15, og gjorde slikt vedtak:
Forvaltningsutvalet legg framlegg til detaljreguleringsplan for Kaupangersenteret, datert 20.10.2015, ut til offentleg ettersyn og høyring, i medhald av pbl § 12-10.
Før planen vert lagd ut på høyring skal føresegna § 3.1. ha følgjande tillegg: Det skal opparbeidast snuplass i enden av p-anlegg, ved p-plass 22, jf. illustrasjonsplan.

Planframlegget låg ute til offentleg ettersyn og høyring i tidsrommet 03.11.2015 til 15.12.2015.

Kommunestyret handsama saka i møte 11.02.2016 sak 6/16, og gjorde slikt vedtak:

Kommunestyret vedtek detaljregulering for Kaupangersenteret, dagsett 28.01.2016, i tråd med plan- og bygningslova § 12-12.

Planvedtak for reguleringsplan kan påklagast i samsvar med §§ 1-9 og 12-2 i plan- og bygningslova, jamfør kapittel VI i forvaltningslova.

Eventuell klage må fremjast skriftleg innan 09.03.2016 og sendast på:
Sogndal kommune v/ plan og næring
postmottak@sogndal.kommune.no eller
Postboks 153, 6851 Sogndal.

Dokument :

Føresegner for Kaupangersenteret dat.02.11.15.
Framlegg: 1. gangs handsaming - Detaljregulering for Kaupangersenteret
Planomtale, datert 21.10.2015
Plankart, datert 20.10.2015
Illustrasjonsplan, datert 19.10.2015
Øvrige skisser
Øvrige skisser - Fasade1
Øvrige skisser - Fasade2
Avisannonse og mottekne innspel