Forvaltningsutvalet legg detaljreguleringsplan for Lerum Brygge, dagsett 15.03.2019, ut til høyring og offentleg ettersyn i tråd med plan- og bygningslova § 12-10.

Kommunestyret vedtok detaljreguleringsplan for Lerum brygge, i medhald av plan- og bygningslova § 12-12, i møte 13.09.2018 sak 33/18. Vedtaket vart stadfesta av Fylkesmannen 05.03.2019 etter klagehandsaming.

Formålet med planarbeidet er transformasjon av det noverande industriområdet Lerum fabrikker til eit bustadområde som opnar arealet for ålmenta. Hovudføremåla i planframlegget er bustad, forretning, grøntområde og småbåthamn. Området er del av og i samsvar med områdereguleringsplan Fjøra vest, vedteke 12.11.2015, der det er sett av til bustad og forretningsføremål.

På bakgrunn av detaljprosjektering av nye bustader er det gjort endringar i prosjektet som krev endring av reguleringsplanen. Dette gjeld i hovudsak at tal bygningar er redusert frå fem til fire, at det i regulert maksimal utnyttingsgrad ikkje var berekna areal til parkeringskjellar, at plassering av parkeringskjellar vert samla under bygg A B og C, og justert kotehøgd for havnivåstigning.

Dokument i saka:

  1. Oversendingsbrev
  2. Vedlegg til planomtale, dagsett 15.03.2019
  3. E-post NVE/4B om havnivåstigning
  4. Føresegner pr. 15.03.19
  5. Plankart 15.03.19
  6. Landskapsplan 15.03.19
  7. Snitt
  8. 3D Illustrasjonar
  9. Solstudier
  10. Fotomontasje

Plankartet kjem på kommunekart.com i løpet av veke 39.

Merknader til planframlegget sendast skriftleg innan 16.05.19 via skjema, pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller pr. brev til postboks 153, 6851 Sogndal.