Statens vegvesen har utarbeida planframlegget og leiar planprosessen.

Føremålet med planen er å betre trafikkavviklinga mellom Gravensteinsgata og Dalavegen då denne er dårleg i tider av døgeret.

Rundkøyringa skal også ha ein arm til Sogndal Hotell som ligg aust for dagens T-kryss mellom Gravensteinsgata og Dalavegen.

Planframlegget ligg ute til offentleg høyring og ettersyn i tidsrommet 02.02.2016 til 17.03.2016. Formell informasjon om planprosessen ligg i sjølve reguleringsplan-dokumentet.

Planframlegget på Statens vegvesen sine sider.

Ønskjer du nærare opplysningar om planarbeidet tek du kontakt med Statens vegvesen sin sakshandsamar Jens Bremer Remø på telefon 91635473 eller e-post jens.bremer.remo@vegvesen.no.

Eventuelle merknadar sendast skriftleg innan 17.03.2016 til firmapost-vest@vegvesen.no eventuelt til

Statens vegvesen
Region vest
Askedalen 4
6863 Leikanger