Statens vegvesen har utarbeidd framlegg til detaljreguleringsplan for utbetring av vegstrekninga Rv.55 Bondeviki – Fardal. Føremålet med planen er å utbetre eksisterande riksveg til vegnormalstandard på den om lag 3 km lange strekninga Bondeviki til Fardal, for å få betre drenering og kurvatur. Vegen vil få litt breiare køyrebane. I tillegg vil og vegskuldrar bli breiare for å legge betre til rette for sykling på strekninga.

Føremål med planen

Statens vegvesen har utarbeidd framlegg til detaljreguleringsplan for utbetring av vegstrekninga Rv.55 Bondeviki – Fardal.

Føremålet med planen er å utbetre eksisterande Rv. 55 til vegnormalstandard på den om lag 3 km lange strekninga Bondeviki til Fardal, for å få betre drenering og kurvatur. Vegen vil få litt breiare køyrebane. I tillegg vil og vegskuldrar bli breiare for å legge betre til rette for sykling på strekninga.

Klagerett

Planvedtak for reguleringsplan kan klagast på i samsvar med § 1-9 i plan- og bygningslova, jamfør kapittel VI i forvaltningslova. Eventuell klage må fremjast skriftleg innan 3 veker og sendast via skjema, pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller postboks 153, 6851 Sogndal.

Dokument i saka

  1. Revidert planframlegg 05.12.2018
  2. Oversendingsbrev
  3. Notat frå rådmann til kommunestyret
  4. Saksframlegg sak 37/18
  5. Klage frå SVV 14.11.2018
  6. Møtereferat SVV og grunneigar 28.11.2018
  7. Brev frå grunneigar 14.11.2018
  8. Innkomen merknad frå Ledvin Uglane
  9. Innkomen merkand frå NVE
  10. Innkomen merknad frå Arne Glenn Flåten