Forvaltningsutvalet handsama saka i møte 13.10.2016, sak 71/16, og gjorde slikt vedtak:

Forvaltningsutvalet legg detaljreguleringsplan for sentrumsbygg, gbnr. 18/12, datert 21.9.2016, ut til høyring og offentleg ettersyn i tråd med plan- og bygningslova § 12-10.

Ønskjer du nærare opplysningar tek du kontakt med Sogndal kommune ved plan og næring.

Vi vil be om at dei som har interessar i området, nyttar høvet til å sjå etter kva verknader planen vil få. Merknader sendast postmottak@sogndal.kommune.no eller til Postboks 153, 6851 Sogndal innan 25.11.2016.

 Dokument: