Forvaltningsutvalet handsama saka i møte 07.04.2016 sak 21/16, og gjorde slikt vedtak:

Forvaltningsutvalet legg framlegg til detaljreguleringsplan for Skrivarholmen, Sogndal båtlag, dagsett 11.03.2016, ut til offentleg ettersyn og høyring, i medhald av pbl § 12-10.

Planframlegget låg ute til offentleg høyring og ettersyn i tidsrommet 13.04.2016 til 30.05.2016.

Kommunestyret handsama saka i møte 08.09.2016 sak 47/16, og gjorde slikt vedtak:

Kommunestyret vedtek detaljreguleringsplan for Skrivarholmen småbåthamn, dagsett 24.08.2016, i tråd med plan- og bygningslova § 12-12.

 Planvedtak for reguleringsplan kan påklagast i samsvar med §§ 1-9 og 12-2 i plan- og bygningslova, jamfør kapittel VI i forvaltningslova.

Eventuell klage må fremjast skriftleg innan 05.10.2016 og sendast til:
Sogndal kommune v/ plan og næring
postmottak@sogndal.kommune.no eller
Postboks 153, 6851 Sogndal.

Dokument:

  1. Planomtale
  2. Føresegner
  3. Plankart
  4. Illustrasjonsplan
  5. Mottekne uttalar og merknader