Planarbeidet femna om utarbeiding av:

  • Detaljreguleringsplan med tilhøyrande planføresegner i samsvar med § 12-3 i plan- og bygningslova
  • Planomtale som klargjorde mål, prinsipp og planen sine vesentlege verknader i forhold til miljø, samfunn og rørte partar, interesser og omsyn i samsvar med § 4-2 i plan- og bygningslova
  • Risiko- og sårbarheitsanalyse i samsvar med § 4-3 i plan- og bygningslova

Veganlegget er ferdig utbygt, overteke av Statnett 31.10.2014 og vegen er teken i bruk. I samband med detaljprosjektering og bygging vart det føreteke nokre endringar i høve til regulert situasjon. Den opprinnelege reguleringsplanen regulerte eit belte på om lag 100 m breidde som vegtrasèen kunne leggje beslag på, enten for justering av geometri, eller som mellombels anleggsområde for å sikre gjennomføring av anlegget. Det er ikkje lenger behov for å regulere eit så omfattande areal.

Reguleringsendringa har difor også avgrensa arealet avsett til veg/mellombels anleggsområde slik at det kun er det arealet som skal ervervast til permanent, framtidig veggrunn som inngår i reguleringsplanen.

Melding om vedtak

Kommunestyret handsama saka i møte 13.12.2018 sak 43/18, og gjorde slikt vedtak:

Kommunestyret vedtek detaljreguleringsplan for tilkomstveg Sogndal transformatorstasjon, dagsett 29.11.2018, i medhald av plan- og bygningslova § 12-12.

Planvedtak for reguleringsplan kan klagast på i samsvar med § 1-9 i plan- og bygningslova, jamfør kapittel VI i forvaltningslova. Eventuell klage må fremjast skriftleg innan 3 veker og sendast via skjema, pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller postboks 153, 6851 Sogndal.

Dokument i saka

Plankartet er også tilgjengeleg under «reguleringsplanforslag» på www.kommunekart.com. Ynskjer du nærare opplysningar tek du kontakt med Sogndal kommune ved plan og næring.

Merknadar sendast til kommunen via skjema, pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller til postboks 153, 6851 Sogndal innan 07.11.2018.