Arkitektkontoret 4B fremjar på vegne av framleggsstillar Hah Eigedom AS planforslag for eit område på Tistelteigen på Kaupanger. Føremålet med planframlegget er å legge til rette for trinnvis utbygging av om lag 50 bueiningar fordelt på ni småblokker. Hovudtilkomst til bustadområdet er planlagt frå eksisterande avkøyrsle frå Bjørkavegen. Det vert og lagt til rette for ein ny avkøyrsle frå Furuvegen.

Aktuelle plandokument ligg tilgjengeleg på sida her, i resepsjonen på kommunehuset i Sogndal, og under «reguleringsplanforslag» i kommunekart.

Merknadar til planframlegget kan sendast skriftleg innan 25.november 2018, via skjema, pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller til postboks 153, 6851 Sogndal.

Handsaming:

Saksframlegg
Saksprotokoll

 

Plandokument:

Plankart 1.10.18

Føresegner 1.10.18

Planomtale

Illustrasjonsplan, byggetrinn, parkering

Snitt

3D-illustrasjonar

Støyvurdering

ROS-analyse

Innspel til oppstart

Sol og skuggeanalyse