Del av gnr 23, bnr 6, 14, 40, 42, 43, 57, 66 og gnr 42, bnr 2 m.fl.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for utbygging av fritidsbustader. Sjå vedlagde følgjebrev for omtale av planarbeidet.

Planområdet for detaljreguleringsplan for Vatnasete er utvida med to eigedommar ved rasteplassen på Vatnasete. Under finn du lenke til dokumenta i saka. Norconsult jobbar med produksjon av planen. Arbeidet med registrering og innsamling av informasjon er avslutta. Målet er å oversende planframlegget til Sogndal kommune for handsaming i november 2015.

Planen vert lagt ut til offentleg ettersyn når kommunen finn framlegget tilfredstillande. I samband med at offentleg ettersyn vert gjennomført, er det mogleg å sette fram merknader til planframlegget som vil bli vurdert av kommunen i samband med den vidare handsaminga av planen.

Dersom du har opplysningar, synspunkt, planar eller informasjon om tinglyste rettar som kan vere av interesse for planarbeidet, ber vi om at du tilskriv:

Norconsult AS
v/ Johannes-Henrik Myrmel
Boks 514
6803 Førde

mob 454 04 993
e-post: johm@norconsult.no

Frist for å sende inn merknader er sett til
25. september 2016

Vedlegg :