Det vert med dette varsla om igangsetting av arbeid med utarbeiding av detaljreguleringsplan Hodlekve - Fosskambrinden, jf. §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova. Planområdet femnar om del av gnr 19, bnr 1. Planområdet grensar i sør til område for fritidsbygg samt regulert alpinområde/friområde.

Området er i arealdelen til kommuneplan for Sogndal kommune lagt ut som framtidig kombinert område for bygg og anlegg. Det femnar både om omsynssone der vedtekne planer gjeld og sone med krav til samla områdereguleringsplan. Planarbeidet er ei oppfølging av kravet om detaljreguleringsplan for områda H8 og H11 i Reguleringsplan for Hodlekve (PlanID 1420-2014005). Vedlagt følgjer kartutsnitt av kommuneplanen, arealbruk i vedtekne planer og kartutsnitt med lokalisering av planområdet/førebels planavgrensing.
 
Arbeidet er vurdert til ikkje å verte fanga opp av virkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiingar.

Norconsult AS gjennomfører planarbeidet for Sognefjorden Utvikling AS.

Formålet med planarbeidet er å legge til rette for vidare utvikling av området for fritidsbustader med tilhøyrande grønstruktur og vegar i samsvar med føringane i vedteken reguleringsplan.

Planområdet er tildegare regulert i reguleringsplan for Hodlekve, plan-ID 1420-2014005.

Arbeidet er i oppstartfasen. Vi er i gang med å registrere og samle inn opplysningar for planarbeidet. Målet er å oversende planframlegget til Sogndal kommune for handsaming tidleg på hausten i 2016. Planen vert lagt ut til offentleg ettersyn når kommunen finn framlegget tilfredstillande.

Planen med tilhøyrande dokument vil femne om:
1. Detaljreguleringsplan med tilhøyrande planføresegner i samsvar med § 12-3 i plan- og bygningsloven.
2. Planomtale som klargjer mål prinsipp og planen sine vesentlege verknader i høve miljø, samfunn og rørte partar, interesser og omsyn i samsvar med § 4-2 i plan- og bygningsloven.
3. Risiko- og sårbarheitsanalyse som vert utarbeidd i samsvar med § 4-3 i plan- og bygningsloven.

For nærmare informasjon om planarbeidet kan spørsmål rettast til:
Johannes-Henrik Myrmel
mob. 454 04 993
e-post: johm@norconsult.no

Dersom du har opplysningar, synspunkt, planar eller informasjon om tinglyste rettar som kan vere av interesse for planarbeidet, ber vi om at du tilskriv:
Norconsult AS
v/ Johannes-Henrik Myrmel
Boks 514
6803 Førde

Frist for å sende inn merknader er sett til 10. august 2016.

Vedlegg :

Notat reguleringsplan Hodlekve - Fosskambrinden