Føremålet med planen er å etablere sykkelveg med separat fortau langs Rv.5 Gravensteinsgata på strekninga frå gangfelt over Hovevegen (Kulturhuset) til gangfelt over Fv. 211 Dalavegen.

Planområdet omfattar naudsynte areal regulert til samferdsleanlegg og infrastruktur, riggområde og tilpassing til omkringliggjande eigedomar regulert til bustader og kombinerte føremål forretning/kontor/tenesteyting.

Planvedtak for reguleringsplan kan klagast på i samsvar med § 1-9 i plan- og bygningslova, jamfør kapittel VI i forvaltningslova. Eventuell klage må fremjast skriftleg innan 3 veker og sendast via skjema, pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller postboks 153, 6851 Sogndal.

Dokument i saka:

Saksutgreiing
Saksprotokoll

Vedlegg:

Plankartet vert lagt ut på kommunekart.com i løpet av veke 3.