Digital postkasseKorleis mottek dei fleste posten framover?
Når du får digital post frå Sogndal kommune vil du få eit varsel på SMS eller e-post. Då veit du alltid når noko er sendt til deg. For å lese brevet loggar du deg inn på din postkasse. Du kan logge inn med MinID, BankID, Buypass eller Commfides. 
 
Det er trygt og enkelt å ta imot post digitalt når du har ein digital postkasse. Du får posten din raskare fordi du slepp å vente på postgangen, og brev i postkassen kan lagrast der så lenge du ønskjer. 

Nokre av fordelane ved å oppretta personleg, digitale postkasse:

  • Det er tryggare enn all anna postgang.
  • Det er gratis å bruka.
  • Du tek imot og lagrar viktige brev ein stad, både frå private og offentlege verksemder. 
  • Du får viktige brev der du er – tilgang til posten over heile verda.
  • Når du får brev, blir du varsla på SMS eller e-post.

 

Dersom du ønskjer meir informasjon, eller litt hjelp til å koma i gang med din digitale postkasse kan du ta kontakt med oss.

Dersom du alt er klar til å oppretta digital postkasse, klikkar du på knappen nedanfor for å koma i gang!

Opprett-knapp