Dinutvei.no gjev oversikt over ulike hjelpetilbod, der ein er eller over heile landet. På dinutvei.no finn du også informasjon, fagstoff og ei spørsmåls- og svarteneste, der du kan stille spørsmål og få svar anonymt eller på e-post.

Vegvisaren gjev oversikt og informasjon til utsette for vald, overgrep og valdtekt, pårørande og bekymra, dei som utøver vald og til fagpersonar.

Dinutvei.no er utvikla av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet, og er ein del av innsatsen frå regjeringa for å førebyggje vald i nære relasjonar.