Draumeplassen bilde - Klikk for stort bilete4H Sogn og Fjordane innbyr til konkurranse og håpar på mange søknader. Lokale lag og organisasjonar kan søkje om å bli ein av fem vinnarar, som kvar vil få tildelt 100.000 kroner, samt prosjekthjelp til å realisere ein naturmøteplass i nærområdet sitt.

Dei to siste åra har fylkeslaget til 4H utvikla nettsida naturmøteplass.no og der finn du meir informasjon om konkurransen. Du finn og fire byggepakkar for naturmøteplassar med 3D-modell, teikningar, materiallister, budsjett og tips til prosessen. 

Søknadsfristen er 15. mai

Du finn meir informasjon på Sogn og Fjordane 4H si nettside