Driveplikt på landbrukseigedom - søknad om fritak

Er du eigar av ein eigedom med jordbruksareal, har du plikt til å sørgje for at jorda blir driven i heile eigartida. Driveplikta kan oppfyllast ved at du sjølv driv arealet eller leiger bort arealet som tilleggsjord til ein annan landbrukseigedom for minimum 10 år om gongen. Er du ny eigar, må du innan eitt år ta stilling til om du ønskjer å drive arealet sjølv eller leige det bort. For å få fritak frå driveplikta, må du sende søknad til kommunen. Kommunen kan gi fritak for ei viss tid eller varig. Det kan også stillast vilkår for fritaket.

Målgruppe

Eigarar av jordbruksareal (som omfattar fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite)
 

Vilkår

Kommunen vil leggje vekt på:

  • Kor viktig det er å halde jordbruksarealet i hevd
  • Arealets storleik og avkastningsevne
  • Om det er bruk for jordbruksarealet som tilleggsjord i det området der eigedomen ligg
  •  Søkjarens livssituasjon

Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som trengst for å avgjere saka. Deretter vert det gjort eit vedtak. 

Søknadsfrist

Innan eitt år frå overtakingsdato. 

Klage

Både du som søkjar og andre med rettsleg klageinteresse kan klage viss du eller de er misnøgde med vedtaket. Fristen er tre veker frå vedtaket er motteke. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Opprettheld kommunen avgjerda si, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen som avgjer om klaga skal takast til følgje. 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS