Eidet

Loading map...

 

Stranda i Eide mellom Sogndal og Kaupanger har no fått ei monaleg fornying då den tidlegare steindekte strandkanten er erstatta med fin skjelsand.

Eide er eit område med bra sommartemperatur, kveldssol og fine omgivnader.

Badeplassen ligg om lag 6 km. frå Sogndal mot Kaupanger (RV 5). Avkøyrsla frå riksvegen er skilta Fimreite. Det er parkeringsplass - men det kan verte trongt om plassen på fine dagar. Vassklosett med heitt og kaldt vatn.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS