Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Bustadnummer og adressemerke
Når fleire leilegheiter har same adresse/inngang, har kvar leileigheit i tillegg sitt eige bustadnummer.
Ved flytting skal bustadnummeret førast opp på flyttemeldinga til folkeregisteret. Du får òg bruk for bustadnummeret i samband med installasjon av telefon, breiband og internett. Dessutan vert det lettare for ambulanse, politi og brannvesen å finne raskt fram til leilegheita di.
Bustadnummeret er ein bokstav og fire tal. Nummeret står på eit adressemerke som skal klistrast på innsida av dørkarmen på ytterdøra di.
Har du bustadnummer H0203, fortel det at leilegheiten din ligg i andre hovudetasje og at den er nummer tre frå venstre. H står for hovudetasje, 02 står for andre etasje og 01 står for første bustad til venstre.
Våre tenester følgjer informasjonsstandarden LOS. Det betyr at dei kommunale tenestene er knytt opp mot såkalla emneord.
Du finn dei mest brukte emneorda på framsida. Du kan og velje eit emneord fra Los-strukturen til venstre.
Finn du ikkje emneordet du leitar etter?
Vis/skjul statlige emner