Sogndal kommune vil i haust gjennomføra ny hovedtaksering av næringseigedomar, verk & bruk, kombinasjonsbygg,våningshus og fritidseigedomar.

Verditakst AS er etter konkurranse tildelt oppdraget, og vil frå veke 46 starta synfaring av eigedommane.

Eigedomsskattetakseringa føregår kun ved utvendig synfaring, det vil seia at det ikkje er naudsynt  for eigar/heimelshavar å vera tilstades
under synfaringa, men om ynskjeleg er det mogelegheit for deltaking.

Informasjon om deltaking, eller eventuelle spørsmål til takseringa, kan registrerast ved at ein sender opplysningar om gnr./bnr.,
adresse og namn/kontaktdata på heimelshavar til post@verditakst.no.