Dei klagene som ikkje inneheld påstand om faktafeil går til sakkunnig nemnd for handsaming. Sakkunnig nemnd kan godta klagen og endra taksten. Dersom sakkunnig nemnd ikkje godtek klagen går den til klagenemnda for endeleg handsaming.  

Kommunen sendte 15. oktober 2016 ut betalingskrav for eigedomsskatt termin 1 og 2 for dei som får kommunal takst på eigedomen. Eigedomsskatten er fakturert saman med andre kommunale avgifter, termin 2  – med forfallsdato 15. november. For dei som allereie har betalt eigedomsskatt for termin 1 er beløpet avrekna i den fakturaen som vart sendt ut 15. oktober.

Sakkunnig nemnd er ikkje ferdig med klagesakshandsaminga. Nokre klager vil også gå vidare til klagenemnda. For dei som får sett ned taksten i klagehandsaminga, vil for mykje innbetalt eigedomsskatt bli tilbakebetalt.