Kommunestyret vedtok i 2010 å innføre eigedomsskatt for all fast eigedom i heile kommunen.  

I møtet 11.12.2014, med verknad frå 2015, gjorde kommunestyret vedtak og å nytte Skatteetaten sitt formuegrunnlag for bustadeigedomar som grunnlag for utskriving av skatt på bustader.

Informasjon om eigedomsskatt for bustadeigedomar som får taksten frå formuegrunnlaget frå Skatteetaten


For følgjande type eigedomar er det ikkje høve til å nytte Skatteetaten sitt formuegrunnlag:
•    Bustaddel av gardsbruk (våningshus)
•    Fritidsbustad
•    Bustader tilhøyrande organisasjonar/institusjonar som ikkje har skatteplikt
•    Bustaddel i kombinasjonsbygg der heile bygget er registert i matrikkel som næringsbygg
•    Næringseigedomar
•    Verk og bruk
For desse eigedomane vert det gjennomførd kommunal taksering.

Informasjon om eigedomsskatt for eigedomar som får kommunal takst.