Ein asylsøkjar er ein person som kjem til Noreg og søkjer om vern (asyl) hos staten. Medan personen ventar på svar på søknaden sin, bur han eller ho som regel på eit asylmottak.

Dei som får opphaldsIøyve skal busetjast i ein kommune. Busetjing og integrering av flyktningar er ei kommunal oppgave, og kommunar som buset flyktningar mottek tilskot frå staten.

Sogndal kommune buset flyktningar etter avtale med IMDI. Det er kommunestyret som vedtek kor mange flyktningar som skal busetjast i kommunen kvart år.