Dei førebelse rekneskapstala for Sogndal kommune i 2018 viser eit svært godt resultat. Netto driftsresultat er på 41,6 mill. kroner, eller 5,36 % av driftsinntektene. Dette ligg godt over både nasjonal norm for netto driftsresultat (1,75%) og kommunen si målsetting på 3%. I høve budsjettet viser dei førebelse tala eit mindreforbruk på 9 mill. kroner. Tala er førebelse og ureviderte, og vil kunne endre seg noko fram til kommunestyret skal handsame årsrekneskapen og disponere overskotet den 25. april.