Eksamen

Alle elevar på 10. steget vert trekt ut til skriftleg eksamen i eitt fag. Kvart år vert det arrangert skriftleg eksamen i faga norsk, engelsk og matematikk. Eksamen i norsk vert avvikla over to dager med ein skrivedag i hovudmål og ein skrivedag i sidemål. Elevane vel sjølve kva målføre dei vil velje som hovudmålet sitt. Kommunen har nynorsk som skriftmål. Dei elevar som evt. er fritekne for vurdering i sidemål, skriv hovudmålet sitt begge dagane.

Skriftleg eksamen er ein sentralgitt eksamen. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for utforming av oppgåver, sensorrettleiing og gjennomføring av eksamen. Kvart elevsvar vert sensorert av to eksterne sensorar som vert oppnemnde av Fylkesmannen. Dei to sensorane Indre Sogn. Elevane skal til vanleg organiserast i grupper på maksimalt 10 elevar. For kvar elevgruppe skal det oppnemnast ein ekstern sensor. Til vanleg frå ein grunnskule utanfor Sogndal kommune. Denne sensoren skal i samarbeid med eleven sin faglærar ha ansvaret for utforming av oppgåver, gjennomføring av eksamen og sensurering. Ved usemje skal ekstern sensor fastsetje eksamenskarakteren. Skulen vel sjølv eksamenmodell.

Munnleg eksamen kan arrangerast i fylgjande fag: Norsk, Engelsk, Matematikk, Religion-livssyn-etikk (RLE), Naturfag, Samfunnsfag, Tysk, Fordjuping i engelsk.

2010-11-02

Sjølvbetening

Statleg informasjon ikon

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse/Postal address:
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Web levert av CustomPublish AS