Elevar på Kvåle skule støttar Zulufadder i Sør Afrika

Torsdag den 19.mai vart det eit flott møte mellom elevrådet på skulen og Siyabonga som jobbar som feltarbeidar for Zulufadder.
BILDE SJEKK

Zulufadder er ein norsk hjelpeorganisasjon som kommunen har etablert eit samarbeid med. Dei har aktiviteten sin i venskapskommunen vår uMlalazi på austkysten av Sør Afrika. 

Kvåle skule har i fleire år sendt overskotet frå balldagen i april til Zulufadder, der pengane mellom anna har vore nytta til å sette i stand baner både for fotball og nettball og til utstyr slik som nett, ballar og fotballsko.
 
På møtet med Siyabonga fekk elevane sjå korleis pengane hadde vore nytta – t.d korleis eit humpete uteområde vart blitt til ein relativt fin fotballbane og at dei no hadde ordentlige fotballar og ikkje heimelaga ballar av brukte plastposar. På slutten av møtet med elevrådet overrekte elevrådsleiar Olav Sørheim ein sjekk på kr. 12 000 frå balldagen i år. Det var ein overraska og glad Siyabonga som tok i mot sjekken på vegne av mange barn og unge i uMlalazi området.
 
 
Les meir om Zulufadder (lenke til www.Zulufadder.no )
 
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS