Forvaltningsutvalet handsama saka i møte 04.02.2016 sak 3/16, og gjorde slikt vedtak:

Forvaltningsutvalet legg framlegg til endring av detaljreguleringsplan Hodlekve - Rindebotn, dagsett 17.12.2015 ut til offentleg høyring og ettersyn, medhald av pbl §§ 12-14 og 12-10.

Bakgrunn for vedtaket:
Sidan vedtak av detaljreguleringsplan Hodlekve – Rindebotn har Sogndal kommune gjort seg nokre erfaringar ved handsaming av rammeløyve for VVA-anlegg til området fritidsbusetnad FRF1 – FRF5, samt rammeløyve for byggjetiltak innanfor desse felta.

I fellesføresegnene til gjeldande plan, punkt 2.2.1 heiter det at inngrep skal skje på ein miljømessig varsam måte. Eksisterande terreng, vegetasjon m.v. skal takast vare på i størst mogeleg grad. Tilsvarande formuleringar finn ein i føresegn 3.2.1 og 4.1.2.

Ved handsaming av byggjeløyver har vi funne det svært vanskeleg å etterkomme desse krava. Dette har særskild årsak i det bratte terrenget som tiltaka er planlagd innanfor. Mellom anna kjem det fram i føresegn 3.4.2 og 3.4.3 at grunnmur kan vere maks 0,5 meter og at mønehøgd på hovudeining kan vere maks 6,0 meter over grunnmur. Vidare i føresegn 3.2.4 kjem det mellom anna fram at det ikkje er tillate med støttemurar høgare enn 0,8 meter. For å støtte opp terreng i bakkant av hyttene, kan det tillatast noko høgare støttemur.

Dette har leia til at ved handsaming av rammeløyver er det utan unntak ein eller fleire føresegner som strid mot kvarandre. Det vert gjort store terrenginngrep for å tilpasse terrenget til tiltaka, medan det i praksis burde ha vore omvendt.

I samarbeid med Opus AS, som er engasjert av Sognefjorden Utvikling AS, har vi utarbeida nokre endringar og tillegg i føresegnene som vi meiner vil gjere situasjonen i området ryddigare og framtidig byggjesakshandsaming meir smidig.

Ved eit eventuelt vedtak av endring av detaljreguleringsplanen vil endringane gjelde for alle nye tiltak innanfor planområdet, dette gjeld også for tomter som allereie er seld, men det ikkje er godkjent rammeløyve for.

Planframlegget ligg ute til offentleg høyring og ettersyn i tidsrommet 17.02.2016 til 30.03.2016.

Ønskjer du nærare opplysningar om reguleringsendringane tek du kontakt med sakshandsamar Cornelis Erstad på telefon 57 62 96 56 eller e-post cornelis.erstad@sogndal.kommune.no. Vi vil be om at dei som har interesser i området, nyttar høvet til å sjå etter kva verknader planen vil få.

Eventuelle merknadar sendast skriftleg innan onsdag 30.03.2016 på:
skjema for høyring
eventuelt til:
postmottak@sogndal.kommune.no
Sogndal kommune, v/Plan og næring, Postboks 153, 6851 Sogndal.

Dokument :
Planomtale,dagsett10.06.2013
Føresegner,dagsett 17.12.2015
Plankart, dagsett 10.06.2013
Korrespondanse med tiltakshavar, desember 2015
Saksframlegg, dagsett 28.01.2016
Planomtale, dagsett 10.06.2013
Føresegner, dagsett 17.12.2015