Som mange andre avfallsselskap ser SIMAS ein stor auke i avfallsmengda frå hytter. Dette heng saman med at hyttene har vorte større, er meir i bruk og mange av dei har utleige.

I tidlegare modell hadde alle hytter same gebyr.

Eigarkommunane har no vedteke ein ny gebyrmodell for hytterenovasjon frå 2020 der SIMAS regulerer gebyret etter standarden på hytta basert på fire kriterium.

Frå 2020 vil ei hytte utan vatn og straum betala 817 kroner i året, medan til dømes ei stor hytte med utleige vil få eit gebyr på 3791 kroner (prisar gjeldande for 2020).

For at SIMAS skal kunne fakturera deg rett beløp, er det viktig at du registrerer hytta eller fritidsbustaden inn i rett kategori via nettsidene til SIMAS.

Sjå gebyrsatsane og registert hytta inn i rett kategori her