Bli din eigen energirådgjevar

Skriv inn adressa di på sogndal.energiportalen.no, og få tilgang til ei gratis energianalyse av bustaden din. Du legg inn dei opplysningane som er rett for din bustad, til dømes kor mange personar som bur der, kva oppvarmingskjelde de brukar, innetemperaturen med meir. Etter at opplysningane er lagt inn får du fram forbruket ditt.

Prøv ut ulike tiltak

Du kan prøve ut ulike energitiltak i bustaden din og finne det energitiltaket som gir mest innsparing og passar best for din bustad. Vidare vert det lista opp dei næraste leverandørane som kan utføre arbeidet med energitiltaket. Handverkarane vert lista opp etter geografisk nærleik til adressa di. Det er ingen kommersiell binding mellom handverkarane og Energiportalen.

Energiportal Sogndal

Dersom du treng hjelp til å bruke portalen: Ring Enøktelefon 47 22 20 76 eller send e-post til energiradgiver@entelligens.no

Energiportalen på 1 - 2 - 3: