Etablerarprøven skal sikre at ansvarlege for ein serveringsstad har dei nødvendige kunnskapane om økonomistyring og lovgiving som har noko å seie for drifta. Kommunen er ansvarleg for å halde og rette etablerarprøven.

For å få serveringsløyve må dagleg leiar av staden ha klart etablerarprøven (dette er ikkje det samme som kunnskapsprøven etter alkohollova dersom ein skal skjenke alkohol) og ha god vandel.

Du må ta med gyldig legitimasjon når du møter opp for å ta prøven. Prøven kan takast fleire gonger om du ikkje klarer han. Det må betalast gebyr ved kvar oppmelding. Forskotsgebyr er på kr 400.

Læremateriell til etablerarprøva kan tingast på www.vinn.no, eller du kan låne materiell hjå kommunen. Når du har klart etablerarprøven, vil kommunen skrive ut eit bevis.