Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Etablerarprøven skal sikre at ansvarlege for ein serveringsstad har dei nødvendige kunnskapane om økonomistyring og lovgiving som har noko å seie for drifta. Kommunen er ansvarleg for å halde og rette etablerarprøven.
Dagleg leiar i verksemd som har eller søkjer om serveringsløyve
For å få serveringsløyve må dagleg leiar av staden ha klart etablerarprøven (dette er ikkje det samme som kunnskapsprøven etter alkohollova dersom ein skal skjenke alkohol) og ha god vandel.
Du må ta med gyldig legitimasjon når du møter opp for å ta prøven.
Du må betale eit forskotsgebyr på kr 400.
Prøven kan takast fleire gonger om du ikkje klarer han. Det må betalast gebyr ved kvar oppmelding.
Læremiddel frå vinn.no kr 385 inkl. porto og administrasjonsgebyr
Læremateriell til etablerarprøva kan tingast på www.vinn.no, eller du kan låne materiell hjå kommunen. Når du har klart etablerarprøven, vil kommunen skrive ut eit bevis.
