Evalueringa tok utgangspunkt i status knytt til sjukefråvær i eininga som i 1. kvartal 2017 er nede i 3,8 %. Sjukefråværet i kommunen var i denne perioden 6 %. På landsbasis er sjukefråværet i kommunal sektor 9,9 %. Sogn barnevern har i 2017 hatt eit lågt fråvær.

Medarbeidarkartlegginga viser at eininga scorar over landsgjennomsnittet på 8 av totalt 10 måleparameter (faktorar). Undersøkinga har ein scoreskala frå 1 – 5 og Sogn barnevern scorar over 4 på alle 10 faktorar, og over 4,5 på 5 av dei 10. Det var 100 % deltaking på årets medarbeidarundersøking.

Medarbeidarane peika på det faglege fokuset i tenesta, organiseringa av arbeidet, den metodiske tilnærminga til barnevernsfaget, mestringsorientert leiing og det gode samarbeidet tilsette i mellom, når dei i møtet stadfestar høg grad av trivsel.

Kommuneleiinga gler seg med dei tilsette over dei gode resultata og tilbakemeldingane dei gjev på arbeidsmiljøet. Leiinga er og glad for å ha fått på plass lokalt verneombod i barnevernstesta.

Spesielt er det gledeleg for kommunen at Arbeidstilsynet, i møtet, gav uttrykk for å oppleve at arbeidsmiljøet i Sogn barnevern no er svært godt.

Rådmannen følgjer barnevernstenesta tett og vil gjennomføre tilsvarande evalueringsmøte også på slutten av 2017.