Føremålet med felles plan er å samla plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse for dei tre kommunane, som i 2020 vert Nye Sogndal kommune, med felles handlingsdel frå 2020.

Alle anlegg for fysisk aktivitet og friluftsliv som det skal søkjast om spelemidlar til, må vere innarbeidde i ein kommunal plan. Planen skal vedtakast politisk i kommunestyra til dei tre kommunane, og vert eit styringsverktøy for å nå kommunane sine mål innanfor fysisk altivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse.

Dokument i saka:

I samband med oppstart av planen inviterer Sogndal kommune lag og organisasjonar som har aktivitet retta mot fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse til møte
onsdag 27.06.2018 kl 17.00-19.00 i kommunestyresalen i kommunehuset.

Alle anlegg for fysisk aktivitet og friluftsliv som det skal søkjast om spelemidlar til lyt vere innarbeidde i ein kommunal plan. Vi har no meldt oppstart og ynskjer innspel til planen.

Frist for innspel er 25.07.2018.

Merknadar sendast på eige skjema, på epost til postmottak@sogndal.kommune.no eller til Sogndal kommune, Postboks 153, 6851 Sogndal.