Fritidsfiske

 

Fiske etter anadrome fiskeslag (laks, sjøaure m.fl.) og ferskvassfisk er regulert i lov om laksefiske og innlandsfiske.
Frå 1. januar 2002 skal det ikkje betalast fisketrygdavgift for fiske etter innlandsfisk og kreps. For fiske i lakseførande vassdrag og etter laks/sjøaure med fastståande reidskap i sjøen, skal det framleis betalast fisketrygdavgift. Dette får du ordna på postkontoret. I tillegg vil det i dei fleste vatna og elvane i kommunen vere krav om fiskekort. Er du under 16 år, kan du fiske gratis etter innlandsfisk i perioden 1. januar til 20. august. Dette gjeld ikkje vassdrag med laks, sjøaure eller sjørøye.

Fiske etter saltvassfisk med stang eller handsnøre er fritt for alle, og det trengst ikkje fiskeavgift eller fiskekort.

For informasjon om vatn og vassdrag med fiskekortsal, sjå menyen til venstre.


 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal

Våre einingar

Web levert av CustomPublish AS