Oppvekstsenteret ligg i brebygda Fjærland i Sogndal kommune.
Senteret er delt i skule, sfo og barnehage, organisert som ei tenesteeining med felles administrasjon. 
Inneverande år er det 25 elevar i skulen og 6 i sfo, medan det er 10 born i barnehagen.
  
Vår visjon: Ein god stad å vere, ein god stad å lære!

Skulen og barnehagen ligg fint til attmed fjorden, litt i utkanten av Mundal. Skulebygget er det eldste, frå 1952, men har sjølvsagt vorte modernisert noko opp gjennom åra.
På 70-talet vart det oppført gymnastikkbygg med tilhøyrande symjebasseng, medan ny barnehage stod ferdig i 1996. Elles har me både idrettsbane og lysløype som næraste naboar.