Tannhelse - illustrasjon.jpgBasistiltak:
Fluortannkrem bør ein bruke 2 x dagleg frå første tann.

Dosering:

  • Knapt synleg mengde frå første tann
  • Mengde tilsvarar barnet sin lillefingernegl ved 1 års alder.
  • Mengde som tilsvarar som ei ert ved 6 års alder.

Fluorinnhaldet i tannkrem skal ikkje vere lågare enn 0,1%

Dei som ikkje brukar fluortannkrem bør bruke fluortablettar.
Andre alternativ er fluor skyljevatn eller fluortyggegummi til barn over 6 år.

Dosering av fluortablettar bør vere tilpassa fluorkonsentrasjon i drikkevatnet.

Fluortablettar:

  • Yngre enn 3 år:   0,25 mg dagleg
  • 3-12 år:               0,25 mg x 2 (eller 0,50 x 1)
  • Eldre enn 12 år:  0,50 x 2

Særskilte tiltak:
Dei som har høg risiko for karies: bør bruke andre fluorpreparat i tillegg til fluortannkrem. Kven dette gjeld og kva tiltak som skal setjast i verk gjerast etter individuell vurdering og i samarbeid med tannhelsetenesta.

Astma
Barn som brukar astma medisin som ender med –id eller –kort skal skylle munnen etter medisinering. Vent ½ time etter det før ein pusser barnet sine tenner.