I samband med flyttinga held legesenteret stengt fredag 4.01.19. og mandag 7.01.19. Legevakta er åpen og går som normalt i Dalavegen 2 desse dagane.

På grunn av aukande tal pasientar ved Sogndal legesenter og for høg arbeidsbelastning for fleire av fastlegane opprettar me ein ny fastlegeheimel frå januar 2019. Kristine Glomnes Kalland har gjort ein svært god jobb som vikar hjå oss tidlegare og me ser no fram til å ynskje henne velkommen tilbake. Nokre pasientar vil i samband med dette få Kristine Glomnes Kalland som ny fastlege. Dette skjer ved tilfeldig uttrekk og administerast av Helfo. Dei dette gjeld vil få personleg brev. Eventuelle spørsmål om dette må rettast til brukarstøtte hjå Helsenorge.no, telefon 800 43 573.

Me ynskjer God Jul og velkommen til nytt legesenter i januar!