Følgjekort for funksjonshemma

Følgjekort (ledsagarbevis) er eit kort/bevis med bilete og namn på innehavaren. Følgjekortet skal gje den funksjonshemma sitt følgje fritt tilgjenge til offentlege kultur og fritidsarrangement og offentlege transportmiddel som den funksjonshemma ikkje kunne ha delteke i eller nytta, utan følgje.

Ordninga er landsdekkjande og kan nyttast over kommune og fylkesgrensene.

Målgruppe

Personar med funksjonshemming som gjer at dei er avhengige av å ha med seg følgje av ein eller fleire personar for å kunne delta på fritidsaktivitetar/andre sosiale aktivitetar.

Vilkår

Søknad vedlagt legeattest av ny dato adresserast til sosialkontoret.

Handsaming

Følgjekort skal gje funksjonshemma med trong for hjelp, same høve som andre til å delta i aktivitetar i samfunnet. Dette skjer ved at følgjeperson til den funksjonshemma slepp betale avgift/billett på visse arrangement m.v. som den funksjonshemma deltek på.

Følgjekortet er ei stadfesting av trongen for slik hjelp, og gjev tilgjenge til nærmare definerte aktivitetar/transportmiddel etc. 

Klage

Vedtak om å innvilge eller avslå søknad om følgjekort vert å sjå på som enkeltvedtak. Søkjar kan klage på vedtaket. Klagefrist er tre veker frå vedtaket er motteke. Klage skal sendast til det organet som har fatta vedtaket. Om det er ønskjeleg kan ein ta kontakt med tenesteeining sosial for å få hjelp til å setja opp klagen. ved mottak av ein klage vil vedtaket verta vurdert på nytt. Dersom vedtaket ved ny gjennomgang ikkje vert endra, vert det oversendt til Fylksemannen i Sogn og Fjordane for endeleg avgjerd.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal

Statleg informasjon

Web levert av CustomPublish AS