Ordninga er landsdekkjande og kan nyttast over kommune og fylkesgrensene.

Følgjekort skal gje funksjonshemma med trong for hjelp, same høve som andre til å delta i aktivitetar i samfunnet. Dette skjer ved at følgjeperson til den funksjonshemma slepp betale avgift/billett på visse arrangement m.v. som den funksjonshemma deltek på.

Søknadsskjema for følgjekort vedlagt legeattest skal sendast til

Sogndal kommune, Sosialkontoret, Postboks 243, 6852 Sogndal.