Logo Val

Førehandsrøysting på kommunehuset

I tida 10. august til og med fredag 08. september 2017 er det ope for førehandsrøysting på Tenestetorget i kommunehuset.
Det vert høve til å røysta måndag – fredag kl. 08:00 - 15:00 i Tenestetorget og på utvida opningstid:

  • torsdag 31. august 08:00 -18:00
  • torsdag 07. september 08:00 - 18:00.

Førehandsrøysting andre stader:
Det vert i tillegg høve til å førehandsrøyste på følgjande stader og tidspunkt:

  • Sogn psykiatrisenter (kantina):
    måndag 4. sep. kl. 11:00 - 13:00
  • Campus Sogndal (kantina Høgskulebygget):
    tysdag 5. sep. kl. 10:00 – 15:00
    onsdag 6. sep. kl. 10:00 – 14:00
  • Sogndal helse og omsorgssenter (kantina):
    torsdag 07. sep. 11:00 – 13:00
  • Fjærland Busenter:
    fredag 8. sep. 11:00 – 13:00

Ambulerande røysting
Veljarar som på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje kan røysta på valdagen eller i lokale der det vert halde førehandsrøysting, kan røysta der dei held til.
Ta kontakt på tlf.: 57629600, på e-post: postmottak@sogndal.kommune.no eller send søknad til:
Valstyret i Sogndal, Boks 153, 6851Sogndal. Søknadsfrist  01. september 2017.

Valstyret