I samarbeid med historikarar frå Høgskulen på Vestlandet blir det i februar og mars arrangert ei foredragsrekke ved Sogndal bibliotek i Sogndal kulturhus.

Under overskrifta «Verdshistoria» presenterer historikarar frå høgskulen dei store linene og dei største utviklingane i vår felles historie.

Det første foredraget vert halde måndag 24. februar klokka 19.

Førsteamanuensis Pål Berg Svenungsen held foredraget «Menneske og dei første sivilisasjonane», og fortel om mennesket si utvikling og korleis verda fyrste gongen vart «globalisert».

Heile foredragsrekka:

Måndag 24. februar: Menneske og dei fyrste sivilisasjonane.

Torsdag 5. mars:      Antikken - frå bystat til imperium.

Torsdag 12. mars:    Mellomalderen - korstog og kongedømme.

Måndag 16. mars:    Tidleg ny tid - den moderne verden tar fram.

Måndag 23. mars:    1700 -1914: Frå opplysingstida til fyrste verdskrigen.

Måndag 30. mars:    1914-2000: Frå verdskrigar til verdsvev.

Les meir på heimesidene til bibliotektet eller på Facbook-sida til biblioteket