Torsdag 27. februar er det møte i formannskapet. Møtet er i Balestrand og i samband med dette tek politikarar og administrativ leiing turen innom desse einingane: 
Fjordtun oppvekstsenter, Sagatun barnehage, Eplehagen, Sagatun skule og Sygna vidaregåande skule.

Det vert også ei orientering om legevaktpiloten og eit kort stopp ved Badelaguna/Hittun for å sjå på det nye byggefeltet som er under planlegging.

Politikarane vil også få med seg arrangementet Lunsj med påfyll ved Norsk Reiselivsmuseum.

Sakslista for formannskapsmøtet finn du her