Fredeleg fleirbruk av utmark

Når nokre gjerne vil drive terrengsykling der andre helst vil leige ut jaktrettar, kan det vere duka for konflikt. Korleis skal ein eigentleg leggje til rette for eit friluftsliv og ei utnytting av utmarka som tek omsyn til mange og ulike interesser?

Hovudmålet i prosjektet er å utvikle lokalt tilpassa forvaltingssystem som kan koordinere friluftsaktivitet i utmark på ein måte som reduserer potensialet for konflikt, stimulerer lokal verdiskaping og tek omsyn til både allemannsretten, interessene til grunneigarane og det biologiske mangfaldet. Prosjektet skal mellom anna kartleggje korleis utmarka vert brukt og kva konfliktpotensial som ligg føre, og ein skal også utforske korleis ulike forvaltingsmodellar kan bidra til auka verdiskaping og sameksistens mellom tradisjonell og ny utmarksbruk.

Vestlandet har eit stort verdiskapingspotensial i utvikling av kommersielle tenester knytt til friluftsliv, er heva over tvil. Samtidig kan utviklinga av nye friluftsaktivitetar gje nye utfordringar.

Prosjektet er initiert av kommunane Sogndal, Luster, Gloppen og Voss og vert gjennomført i eit breitt samarbeid som også inkluderer Sogn Næring AS, Vestlandsforsking, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Centre for Recreation and Tourism at West Highland College i Storbritannia, Forum for natur og friluftsliv, Sogn og Fjordane skogeigarlag, Sogn og Fjordane Turlag, Marianne Reusch, Allemannsretten.no og Sogn og Fjordane Bondelag.

For meir informasjon, kontakt Jostein Aanestad, rådmann i Sogndal kommune, på tlf. 991 65 935.


Aktive og sjølvhjelpne eldre

Sogndal kommune får tre millionar kroner til eit forskingsprosjekt der ein skal undersøke kva effekt eldre heimebuande brukarar av pleie- og omsorgstenester har av styrketrening. Ein skal mellom anna måle korleis auka muskelstyrke verkar inn på fysisk form, sjølvstendighet, livskvalitet og omfanget av fallulukker.

Det er godt dokumentert at fysisk inaktivitet er den viktigaste risikofaktoren for å utvikle sjukdom og helseproblem, men forskarane vil også undersøke ei hypotese om at med aukande alder, speler muskelstyrke ein stadig viktigare rolle for funksjonsdyktigheit. Derfor skal ein kartlegge mellom anna fysisk funksjonsnivå og behov for pleie- og omsorgstenester etter to år med styrketrening. Prosjektet tar også mål av seg til å kurse pleie- og omsorgstenestene i kommunane til å rettleie eldre i fysisk aktivitet og trening.

Forsking som kan bidra til at fleire eldre kan vere trygge, sjølvstendige og sjølvhjelpne heimebuarar lenger enn dei elles ville ha vore, er viktig for eldreomsorga.

Sogndal kommune har med seg Høgskulen i Sogn og Fjordane, Norges idrettshøgskole, NTNU og Universitetet i Agder som forskingspartnarar.

For meir informasjon, kontakt Jarle H. Skaar, tenesteleiar pleie og omsorg i Sogndal kommune, på tlf. 57 62 98 16.