Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Driv du sjølvstendig næringsvirksomheit (enkeltmannsføretak), skal du betale utskreven forskotsskatt. Det same kan gjelda dersom du er deltaker i ansvarlig selskap og kan venta andel av skattbart overskot fra selskapet.
Vidare kan det gjelda personlige skattytarar hvis dei har større kapitalinntekter som det ikkje er teke hensyn til i det forskotstrekket dei har i lønnsinntekta.
Dersom du får utskreve forskotsskatt får du tilsendt innbetalingskort fire gonger i året. Den utskrevne forskotsskatten er utrekna på bakgrunn av likningsresultatet året før.
For at nye enkeltmannsføretak og deltakarar i ansvarlege selskap skal få utskreve forskotsskatt og tilsendt innbetalingskort, må dei melde frå til skattekontoret om virksomheita og fortelja kor mykje overskot (eller underskot) dei ventar seg det første året.
Betaling skjer til skatteoppkrevjarens bankkonto for skatt. Innbetaling via bank kan skje elektronisk eller ved bruk av dei tilsende innbetalingskorta. Ved elektronisk betaling skal KID-nummeret gjevast opp saman med betalingsoppdraget. KID-nummer kan du også få ved førespurnad til skatteoppkrevjaren eller på www.skatteetaten.no.
Om du ikkje betalar vert forseinkingsrenter rekna frå forfall og fram til betaling skjer.
Dersom kravet ikkje vert betalt frivillig, kan skatteoppkrevjar setja iverk tvangsinnkrevjing og kostnader kan koma til etter rettsgebyrlova.
Dersom du ikkje er einig i utskrivingen av forskotsskatt må du senda søknad om endring av skatten til Skattekontoret.
