Forskottstrekk og arbeidsgjevaravgift - betaling og innkrevjing

Målgruppe

Arbeidsgjevarar - verksemder

Frå og med 1. januar 2009 er det felles frist for arbeidsgjevarane si innsending av oppgåve og oppgjer av forskottstrekk og arbeidsgjevaravgift. Fristen er den 15. i månaden etter utløpet av kvar av dei seks tomånadlege terminane (januar/februar - mars/april osv.) Betaling skjer til bankkontoen til skatteoppkrevjaren (kemner/kommunekasseraren).

Det er også høve til å nytte elektronisk betaling med bruk av KID-nummer. KID-nummeret står nede til venstre på den tilsende giroen. KID-nummer kan ein også få ved å vende seg til skatteoppkrevjaren eller på www.skatteetaten.no.

Ved utelaten betaling påløper forseinkingsrenter frå forfall og fram til betalinga skjer. Dersom kravet ikkje blir betalt frivillig, vil skatteoppkrevjaren iverksetje tvangsinnfordring og kostnader kan påløpe etter rettsgebyrlova.

Innan 31. januar i året etter inntektsåret skal arbeidsgjevar sende melding om løn- og trekkoppgåver.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS