Ideen Fosshaugane Campus vart født i 2001. For nøyaktig 10 år sidan, i juli 2006 opna Stadionbygget, som var første steget på ny infrastruktur på Fosshaugane. Over 1,5 milliard er investert i infrastruktur i området, men også mange nye verksemder, fagområder og fellesprosjekt er etablert etter opninga for 10 år sidan.

I desember 2014 bestemte eigargrupperinga, beståande av Statsbygg, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordan Fylkeskommune, Sogndal Kommune og Sogndal Fotball å ta eit steg vidare. 

  • No har snart alle partane sine bygg på plass, og då er det viktig å fokusere på samhandling og innhaldsutvikling. Det er det viktigaste med denne planen, seier rådmann Jostein Aanestad i Sogndal Kommune.
  • Dokumentet er i realiteten eit arbeidsverktøy der fokusert er på kva utvikling vi kan skape på Fosshaugane og på utvikling og fellestiltak vi ønskjer oss framtida, understrekar Jan Tore Rosenlund, eigedomssjef i Fylkeskommunen.
  • Vi sa i starten, for 10-15 år sidan, at vi skulle bygge draumen vår. Det handla om å skape det beste utviklingsmiljøet i Noreg, om lysta til å lære av kvarandre, om ungdom og entreprenørskap og framtida til fylket. Om vi ser kva Campus inneheld i dag kan vi vere stolte. Samhandlinga og bidrag frå stadig nye miljø har skapt noko større, seier Yngve Hallén frå Sogndal Fotball.

Statsbygg utarbeidar Campusplaner for universitets- og høgskulesektoren i samarbeid med det enkelte lærestaden og offentlege og private aktørar.
Departementet har gitt føringar for planarbeidet,  m.a. at det skal utarbeidast campusplan før nye investeringar vert gjennomført, og at bygg skal utformast på ein arealeffektiv og funksjonell måte.

At det nå er utarbeidet ein campusplan for Fosshaugane er viktig som ramme for vidare utvikling av høgskulen i samspel med andre samarbeidspartnarar, og som innspel til kommunalt planarbeid. Vi ser frem til framleis godt samarbeid i eigargruppa, seier regiondirektør Torbjørn Nævdal i Statsbygg.

  • Samarbeidet på Campus er viktig. At vi utviklar felles handlingsplanar vil styrkje oss både som studiestad og for totalen. Med dei strukturelle endringane som no skjer i vår sektor og elles er det stadig viktigare med lokal samhandling og utvikling, seier rektor Rasmus Stokke ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Planen vart lagt fram offentleg på pressekonferanse på Campus i måndag 27.juni 2016.

Visjonen (kap 2) og handlingsplanen (kap 10) trekker opp følgjande liner:

  • Felles utviklingsstrategi 
  • Felles omdøme, rekruttering og marknadsføring
  • Eit campus som tek ansvar ut over eigen kommune  og region
  • Vurdere Campus Sogndal som nytt namn
  • Samhandling med drift og utvikling av infrastrukturen

Oversikt over dokument: