Fosterheim

Fosterheim

Vilkår

Fosterforeldra skal vurderast nøye opp mot det individuelle behovet som fosterbarnet har. Dei viktigaste krava til deg er at du er i ein stabil livssituasjon og har eit sosialt nettverk -  uansett om du er sambuar, einsleg eller gift.
 

Handsaming

Fosterheim er private heimar som tek imot born til oppfostring på grunnlag av barnevernstenesta si avgjerd om hjelpetiltak eller i samband med omsorgsovertaking. 

Den kommunen som fosterheimen ligg i, har ansvaret for godkjenning og tilsyn av heimen. Det statlege, regionale barnevernsmyndet (Bufetat) har ansvar for den nødvendige opplæringa.



 

Ein fosterheim er ein privat heim som tek vare på eit barn som for ein periode ikkje kan bu hjå foreldra sine. Nokre gonger er det foreldra som i samarbeid med barneverntenesta bestemmer at eit barn skal bu i fosterheim. Andre gonger er det Fylkesnemnda for barnevernsaker som avgjer dette etter forslag frå barnevernet.

Fosterheimtenesta i Sogn og Fjordane

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS