Søknad om fråkopling og fritak for årsgebyr ved kommunale VA-anlegg

Det er høve til å søkja om fråkobling frå det kommunale VA-nettet og fritak for årsgebyr.

Målgruppe

Alle abonnentar i kommunen

Vilkår

Dersom ein eigedom ikkje er i bruk over lenger tid, vil det etter søknad kunne gjevast fullt fritak for årsgebyret for den tida eigedomen er fråkopla. Ev. fritak gjeld frå første årsskifte etter at søknaden er godkjent og abonnenten har gitt kommunane melding om at leidningane kan koplast frå. Ein føresetnad for fråkobling/avstenging er at stoppekran vert plombert av kommunen 

Handsaming

Kommunen kan ta betalt for å stenge av/koble frå vass- og avløpsleidningar til ein eigedom som ikkje er i bruk, og tilsvarande for å koble til att. Med avstenging/fråkobling er og meint plombering av stoppekran. Det kan ikkje krevjast tilknytningsgebyr når ny tilkobling skjer.

Betalinga for frå-/tilkobling blir fastsett av kommunestyret og går fram av gebyrregulativet.

Avgjerd etter § 12 i denne forskrifta som er einskildvedtak følgjer bestemmelsane i kap. IV-VI i forvaltningslova. Slike vedtak kan påklagast.

 

 

Handsamingstid

Fortløpande

Søknadsfrist

ingen

Klage

Klagen skal sendast til tenesteeining kommunalteknikk, og fristen til å klage er 3 veker. Storleik på gebyra (gebyrregulativet) blir fastsett av kommunestyret. Dette er ei forskrift som ikkje kan påklagast, jfr. kap. VII i Forvaltningslova

 

Lover/forskrifter

Forskrift om kommunale vass- og avlaupsgebyr i Sogndal kommune vedteke i Sogndal kommunestyre den 10.09.2003. sak 0028/03, med heimel i lov om kommunale vass- og kloakkavgifter § 3, og forskrift om kommunale vass- og avlaupsgebyr av 10. januar 1995, sist endra 13. juli 2000.

Skjema

 

 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Web levert av CustomPublish AS