Sogndal har eit variert landskap som innbyr til turar for alle. Du finn alltid ein sti som passar deg.
På nettstadene ut.no og godtur.no kan du finna ulike turforslag alt etter interesse og form.

Onsdagsturane

I samband med integreringsarbeidet i Sogndal kommune arrangerer Røde Kors i samarbeid med flyktningtenesta ettermiddagsturar i nærområdet i Sogndal kvar onsdag.
Målet er å bidra til norskopplæringa, å bli kjent i kommunen, integrering og fysisk aktivitet. Turane går på stader som passar for dei som til ein kvar tid møter opp. Vandringa varer i 1 - 1 1/2 time. 

For meir informasjon om onsdagsturane, kontakt

I perioden mai - september arrangerer Sogndal sogelag ein annan type onsdagstur. Desse turane går som oftast på gamle stiar og ferdselsvegar og kombinerast med lokal kulturhistorie. Turplan kan du få på biblioteket.

Lågterskeltilbod

Oversikt over aktivitetar og trim- og turtilbod finn du i brosjyren "Trimtilbod i Sogndal kommune":