Eit paradis for turgåarar!

I Sogndalsdalen ligg snøen til langt ut på vårparten, og Hodlekve Skisenter er eit godt utgangspunkt for skiturar for heile familien. Gode skitilhøve er det òg på Kaupangerskogen og Haukåsen.

Sogndal har eit variert landskap som innbyr til turar for alle. Anten du er godt trent og fjellvand eller heilt utrent og førstegongs turgåar, du finn ein stig som passar deg.I tillegg er vi omringa av fjord, fjell og bre som inviterer oss til alsidig aktivitet alt etter behov og interesse. Nytt turkart vart laga i 2004, og
Sogndal turlag skipar med jamne mellomrom turar - der alle er velkomne til å vere med. Turlaget har og eiga hytta i Sogndalsdalen som kan leigast ut.
Turkart får du kjøpt på turistinformasjonar, bokhandlar og kioskar, og stigane er godt merka. Du treng ikkje mykje utstyr for å få ein fin tur, men godt fottøy er ein fordel.
 

Badeplass i EideSkulle du ynskje å kjøle deg ned etter turen, er det fleire badeplassar ved fjorden , med godt badevatn og greie temperaturar. Om dei ikkje held same temperatur som strendene på Costa del Sol, så er dei forfriskande og solfylte når veret er bra. Dersom det ikkje skulle freiste å bade sjølv, er det kanhende meir fristande å fiske etter andre som likar badevatnet betre: Det er høve til å fiske i fjorden, i vatn og elvar. Sogndal jeger- og sportsfiskarlag kan gje opplysningar om jakt i området.

 Då gjenstår det berre å ynskje "God tur!"

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS