Dette gjeld også dei som er små, til dømes ein brønn som forsyn to hus med drikkevann. Meir informasjon, og lenke til registreringsskjemaet, finn du på på mattilsynet.no.

Registreringa kan gjerast enkelt frå mobiltelefonen
Registreringa er gratis, og Mattilsynet har utvikla eit enkelt mobiltilpassa skjema til formålet. I skjemaet registrerar du vassforsyningssystemet si plassering ved å markere staden i et kart, og det er kun nokre få tilleggsspørsmål som skal besvarast.

Mange fordelar med å registrere vassforsyningssystemet
Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet. Når kommunen har oversikt over den geografiske plasseringa til dei ulike vassforsyningssystema, kan vi bruke denne informasjonen i vårt arbeid. Ei slik oversikt kan til dømes vere viktig når kommunen legg planar for bruken av areala rundt brønnen og brønnområdet. Oversikta gjer det mulig å vurdere hensyn til drikkevasskildene på eit tidleg tidspunkt. 

Drikkevatnet skal være trygt – også frå små vassforsyningssystem
I januar 2017 kom ei ny drikkevassforskrift, som sette klarare krav til trygt drikkevatn også frå små vassforsyningssystem. Kravet om at alle vassforsyningssystem skal være registrert står i drikkevannsforskriften § 17. Ein presis definisjon av kva eit vassforsyningssystem er kan du lese i drikkevannsforskriften § 3, bokstav k.

Informasjon til dei minste vassforsyningssystema gir nyttig informasjon som er spesielt berekna for små vassforsyningssystem.

Har du spørsmål til registreringa? Ta kontakt med Mattilsynet på 22 40 00 00, og spør om å få snakke med di lokale avdeling.